Brurastakken-området består av sedimentære bergartar frå silurtida, som ligger i kontakt på mye eldre metamorfe sediment frå Høyvik-gruppa. Over desse bergartane ligg dei sedimentære blandingsbergartane i Sunnfjord-mélangen, som vart danna ved skyving av havbotnsbergartar frå Iapetushavet i samband med danninga av Kaledonidane. Laga inneheld særs godt bevarte sedimentære bergartar frå kontinentale til djuphavsmiljø, lokalt med fossilar (korallar, sjøliljer og armføtingar) frå silurtida. Desse sedimentlaga er folda inn i ein stor og spesielt spektakulær fold, ein av dei vakraste og mest synlege foldene i Noreg.


