Ved Bulandet skule ligg ein bergvegg langs fotballbana der ein kan studere konglomerat i tre dimensjonar. Her ser ein tydeleg rullesteinar og lag i berget. Dette gir eit godt innblikk i korleis desse bergartane vart danna då elvar for lenge sidan førte med seg stein og grus og avsette dei i landskapet.


