img 9490

Bli med på kurs i tørrmuring med Berit Bruvik!

Kva skal vi gjere?

Kurset tek utgangspunkt i eit  restaureringsprosjekt der vi skal reparere og bygge opp att grunnmuren til ein gammal husmannsplass på Indrefjord gard.

Dette vert første steg i eit større løft, der målet på sikt er å reise huset opp att.

Program

Fredag 8. mai (ca. kl. 18:00–20:00)

  • Foredrag om tørrmuring
  • Innføring i teknikkar og prinsipp for tørrmuring
  • Enkel servering

Laurdag 9. mai (ca. kl. 09:00–18:00)

  • Innføring i bruk av verktøy
  • Praktisk arbeid med tørrmuring
  • Lunsj ca. kl. 12:30

Søndag 10. mai (ca. kl. 09:00–16:00)

  • Vidare praktisk arbeid
  • Ferdigstilling og oppsummering

Les meir om kurshaldaren her :

informasjon

Betalast på vipps eller få tilsendt faktura  seinast 9 dagar før kurset startar.

Ta med:

  • Arbeidsklede
  • Vernesko
  • Vernebriller
  • Høyrselsvern

Dette er meir enn eit kurs.
Det er ei moglegheit til å lære eit handverk som er i ferd med å forsvinne ,og vere med på å gi nytt liv til ein historisk plass saman med masse engasjerte og kjekke folk!

I neste runde kan du òg  melde deg på kurs i grindbygg , og følgje heile prosessen , frå å hente ut tømmer frå skogen med hest, til å bygge og tilpasse grindene til grunnmuren.- Følg med på heimesida vår .

Velkomen til ei steinbra helg !img 9487