uten tittel 1. august 2023 10.07.41 kopi (1)

Parkmøte 2026- På jakob Sande -Senter for forteljekunst klokka 18

Parkmøtet er Fjordkysten sitt øvste mynde og er eit ope møte for alle som ynskjer å delta, – ta gjerne med ein ven.   (Berre dei som er medlemmer har stemmerett.)

Orientering om parkarbeidet :
På parkmøtet vil du verte oppdatert på kva som har skjedd det siste året, og kven som har blitt nye medlemer sidan sist. -2025 var eit år med mange milepælar!

Kvart år inviterer vi ein partnar til å presentere seg, og denne gongen kjem Torkil Sandsund frå Teaterfestivalen i Fjaler for å fortelje litt om alt det spanande som dei held på med.

Innleiande diskusjon: medlemsstruktur og kontingent

Før handsaming av dei formelle sakene ønskjer styret ein open diskusjon om

medlemsstruktur og kontingent i parken.I 2025 tilrådde styret at det skulle utgreiast ein modell for differensiert medlemskap

og medlemskontingent når status som UNESCO Global Geopark var oppnådd,

mellom anna for å styrkje parken sitt økonomiske grunnlag.

Styret ønskjer i denne samanhengen innspel og idear frå medlemmene, fordelar og

ulemper med skissert ordning,( eller evt. forslag til andre modeller) samt synspunkt

på prisnivå. Det er viktig at ei eventuell ny ordning opplevast som relevant og nyttig for medlemmene.

Det vert enkel servering .

Vel møtt ! 

 

Sjå kart her:   https://www.gulesider.no/kart?c=61.360786,5.39716&z=17&l=hybrid&d=%7B%22m%22:%5B%5B61.360908,5.396511,%22%22,0,%22%23E53935%22%5D%5D%7D