Ung formidling av lokal natur og kulturarv

Gjennom praktisk arbeid, tradisjonshandverk og møte med lokale kulturberarar har born og unge fått lære – og sjølve formidle – historia som har forma landskapet og lokalsamfunna våre. Prosjektet vart avslutta i mai, men det gjenstår framleis eit par  arbeidsverkstadar; ein i Kvernsteinssenteret der ein nyttar «Hyllestadmodellen» som er basert på handlebåren kunnskap  der elevar frå den lokale skulen formidlar sin kompetanse til ein tilreisande skule, og ein læringsverkstad ved Jakob Sande-senteret for forteljekunst i Dale  den 23 juni,  der vi skal prøve ut ein metode som kombinerar ulike teknikker for å verte ein god formidlar
🧭 Satsinga på born og unge er ikkje berre viktig – ho er heilt grunnleggjande for arbeidet i Fjordkystparken, og vil få endå større plass i tida som kjem.
Tusen takk til alle partnarar, kulturberarar, skular og unge som har bidrege undervegs. Vi gler oss til fortsettinga!