EPISENTER
Hyllestad
På nordsida av Sognefjorden, heilt ytst mot kysten der fjord møter hav, ligg episenter Hyllestad. Her finn du fjellmassivet Lihesten, som er del av ei 400 millionar år lang geologihistorie. Her forvaltar vi fjordlandskapet, og den over 1000 år gamle industrihistoria som finnast her, dei historiske kvernsteinsbrota i Hyllestad!

OM EPISENTERET
Kvernstein og vikinghistorie
Episenter Hyllestad er geoparken sin inngangsport til geologi og historisk steinindustri. Episenteret held til i utandørsmuseet Kvernsteinsparken og i Prestegarden Kulturhus, som er den gamle prestegarden i Hyllestad. Episenteret fungerer som lokalt knutepunkt for formidling av historia og geologien i området, partarane sine opplevingstilbod, og utsal av lokale handverksprodukt.
Gjennom tett samarbeid med lokale lag, næringsliv og skular arbeider episenteret for å gjere natur- og kulturarven tilgjengeleg for alle – anten det er skuleklassar frå andre kommunar, turistar på gjennomreise eller fastbuande som vil lære meir om sin eigen heimstad.

Hyllestad
Siste nytt
Kva skjer i Hyllestad?
Kva kan du gjere
Aktivitetar i Hyllestad

Lihesten
Tur til Lihesten
Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest truleg eit av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange ulike stiar som du kan bruke fleire dagar på å utforske.
Les meir om turar til Lihesten på:
https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore/topptur-til-lihesten–s5et8ngrtgmv3j1t8p2wng

Indrefjord Gard
Indrefjord Gard
Indrefjord Gard tilbyr autentiske gardsopplevingar med dyr, hestetilbod og moderne fasilitetar i naturskjønne omgjevnader ved Lifjorden og Lihesten.
Les meir om Indrefjord Gard på:

Kvernsteinsparken
Kvernsteinsparken
Kvernsteinsparken i Hyllestad er landets einaste temamuseum for kvernsteinsproduksjon, og er visingsstad for landets største kulturminne frå vikingtid og mellomalder.
Les meir om Kvernsteinsparken på:
https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore/kvernsteinsparken
Kom i kontakt
Kontaktinformasjon

Alexander Rauboti
Museumsleiar i Kvernsteinsparken og kontaktperson for episenter Hyllestad
alerau@misf.no
992 59 072
Hyllestad Episenter
Kvernsteinsparken,
Hyllestadvegen 402
6957 Hyllestad
Sosiale medium
Følg oss for oppdateringar om aktivitetar, arrangement og nyhende frå episenteret og kommunen.
Bilete frå episenteret
Galleri
PLANLEGG BESØKET DITT
Kom til Hyllestad og opplev det sjølv
Episenteret tek imot skuleklassar, reiseselskap og enkeltreisande. Ta kontakt med oss for å planlegge eit tilrettelagt besøk.

