Brurastakken

"Noregs vakraste fold" har tiltrekt seg geologar frå heile verda opp igjennom tidene. I tillegg er Brurastakken på Atløyna eit landemerke på kysten som tidlegare vart nytta til navigasjon av sjøfolka.
Sunnfjord Geo Center på ekskursjon. Foto: Atle Nesj

Brurastakken høyrer til Brurastakkformasjonen som ligg under Herlandgruppa. Folden er monoklinal med nordvestvend vergens (orientering), og har vekslande lyse og mørke band som representerer ulike avsetningar i eit elveslette-, strandsone- og havbotnmiljø under danninga av Den kaledonske fjellkjeda

Dei grå laga er sandstein og desse laga inneheld både bølge- og straumrifler. Dei mørke laga er skifer frå havbotnavsetningar. Dei heilt lyse laga er kvartsittisk sandstein og konglomerat/ breksje som er ei blanding av turbidittar og massetransportavsetningar. Denne valdsame skredaktiviteten var eit resultat av tektonisk aktivitet under fjellkjededanninga. Fossilfunn i bergartane indikerer ein avsetningsalder på om lag 420 millionar år. Etter kvart som det nord-amerikanske kontinentet vart skyvd over det europeiske, vart desse avsetningane pressa ned til om lag 10-15 km djup. Lausmassane vart så utsette for høgt trykk og høge temperaturar som førte til forsteining.

Brurastakken. Foto: Per Storemyr
Brurastakken høyrer til Brurastakkformasjonen som ligg under Herlandgruppa. Folden er monoklinal med nordvestvend vergens (orientering), og har vekslande lyse og mørke band som representerer ulike avsetningar i eit elveslette-, strandsone- og havbotnmiljø under danninga av Den kaledonske fjellkjeda.  Foto: Per Storemyr

Folden vart ikkje danna før kollapsen av kaledonidane i undre devon (om lag 400 millionar år sidan). Den vakre foldestrukturen vart utvikla i tilbakeglidinga under «kollapsen» av kaledonidane. Vidare har erosjon og landheving ført Brurastakken opp i dagen, dette til sjøfolka langs kysten og geologar sin store glede. Folden er estetisk vakker og har i lang tid vore eit navigasjonsmerke for sjøfolk grunna sin karakteristiske utsjånad.

Den tyske geologen Carl Friedrich Naumann teikna og studerte Brurastakken allereie på 1820-talet.

Brurastakken har opp igjennom tida vore ein svært viktig lokalitet for geologisk vitskapeleg utvikling. Allereie i 1822 var den tyske geologen Carl Friedrich Naumann på Atløyna og beskreiv og teikna den. Vidare utover 1800- og 1900-talet har forskarar frå heile verda, og spesielt frå dei akademiske miljøa ved institutta ved universiteta i Bergen og Oslo, prøvd å forstå seg på danningsforløpet til Brurastakken. På 1980-talet vart det gjort eit gjennombrot i forståinga. Tidlegare hadde teorien vore at folda vart danna under kontinentkollisjonen, men vergensen (orienteringa) av folden stemde ikkje overeins med ei austgåande rørsleretning som Laurentia hadde under innskyvinga. Forklaringa på dette var då at heile folda var snudd rundt og låg opp ned. Men dette fall ikkje saman med den sedimentære stratigrafien.

Basalkonglomeratet og avsetningsforløpet frå basement og opp til toppen viste at strukturen hadde rett veg opp. Forklaringa vart at den nordvest-vende orienteringa på folda var eit resultat av kollapsen og tilbakeglidinga i Den kaledonske fjellkjeda, og ikkje kontinentkollisjonen. Dette gjennombrotet vart òg oppklarande for den generelle forståinga av prosessar og strukturar som oppstår under tilbakeglidingar av kontinent og kollaps av fjellkjeder. Brurastakken la dermed grunnlag for forsking av internasjonal betyding.

Brurastakken. Foto: Haakon Fossen.
Brurastakken. Foto: Haakon Fossen.
Scroll to Top