Vedtektene for Fjordkysten regional- og geopark

Siste reviderte utgåve 15. desember 2020
§1  Føremål

Laget heiter Fjordkysten regional- og geopark og har som føremål å utvikle og drive ein regional- og geopark i kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund.

  • Parken skal vere ei plattform for langsiktig samarbeid mellom lokalbefolkning, lokalt næringsliv, skular, organisasjonar og kommunar for å ta vare på og utvikle regionen sin natur- og kulturarv. Dette skal skje innanfor ein heilskap som omfattar bevaring, formidling, skjøtsel og berekraftig samfunn- og næringsutvikling.
  • Parken skal auke kunnskapen om og forståinga for samspelet mellom landskap og kultur i regionen, herunder geologien, det biologiske mangfaldet og kulturarven, og vidare vise korleis desse verdiane vert utfordra av mellom anna ressursbruk, klimaendringar og naturfarar.
  • Parken skal hjelpe til med å styrke den regionale identiteten og auke regionen sin attraktivitet gjennom å styrke medvitet om regionen sin geologi  og natur- og kulturverdiar elles.
  • Parken skal arbeide for berekraftig utvikling av det lokale næringslivet. Dette skal skje gjennom partnarskapsavtalar, langsiktig merkevarebygging og kompetanseutvikling.

Verksemda til parken vert styrt gjennom ein 10-årig parkplan og er basert på Unesco sine retningslinjer for UNESCO GLOBAL GEOPARKAR og Norske Parker sine verdiar og retningslinjer.

Den europeiske landskapskonvensjonen og FN sine 17 berekraftsmål skal ligge til grunn for Parken sine aktivitetar.

§2  Organisasjon

Parken er eit medlemsstyrt lag. Det årlege parkmøtet er parken sitt øvste mynde og vel styret. Styret har det øvste ansvaret for parken mellom årsmøta, tilset dagleg leiar og vedtek instruks for vedkomande.

Parken skal vere medlem i Norske Parker og – etter å ha oppnådd status som Norsk Geopark og etter kvart UNESCO Global Geopark – vere medlem i dei nasjonale, europeiske og globale geopark-nettverka.

§3  Medlemskap
  • Medlemmer kan vere einskildpersonar, verksemder, organisasjonar og kommunar.
  • Alle medlemmer betalar årskontingent i samsvar med reglar fastsette av årsmøtet.
  • Kommunane innan parken sine grenser yter i tillegg eit årleg driftstilskot fastsett i eigen samarbeidsavtale.
  • Alle medlemmer som er registrerte pr. 1. januar, har stemmerett på det etterfølgjande årsmøtet og kan veljast til tillitsverv i parken.
  • Alle medlemmer kan etter særskilt avtale bli partnarar i parken, men styret kan også på eige initiativ inngå partnarskap med interessentar som ikkje er medlemmer.
  • Utmeldingar av parken skal skje skriftleg og får verknad frå den dagen utmeldinga er motteken av dagleg leiar. Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, vert automatisk strokne frå medlemsregisteret.
  • Styret kan med 2/3-dels fleirtal ekskludere medlemmer som bryt vedtektene eller handlar målmedvite direkte i strid med parken sin føremålsparagraf. 
§4  Parkstyret

Parkmøtet vel styret som består av 5 – 9 medlemmer og 3 nummererte varamedlemmer. Kvart kjønn skal vere representert med minst 40%.

Styret har den overordna leiinga av parken mellom parkmøta og har elles følgjande oppgåver:

  • Gjere vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemmer er til stades. Eit gyldig vedtak krev allminneleg fleirtal (utanom vedtektsendringar) av styremedlemmene som er til stades. Ved stemmelikskap har styreleiar dobbeltstemme.
  • Tilsette dagleg leiar og vedta instruks for vedkomande.
  • Sjå til at parkmøtet sine vedtak vert gjennomførte, og at parkplanen og vedtektene vert etterlevde.
  • Sjå til at parken sine midlar vert forvalta på ein god måte og i samsvar med parkmøtet sine vedtak.
  • Oppnemne arbeidsgrupper for særskilde oppgåver etter behov og vedta mandat for desse.
  • Halde møte når styreleiaren bestemmer eller når eit fleirtal i styret ber om det.
  • Styreleiar og dagleg leiar signerer i fellesskap for parken. 
§5  Parkmøtet
  • Parkmøtet er laget sitt årsmøte og skal gjennomførast kvart år innan 1. mai. Parkmøtet skal kallast inn av styret minst ein månad på førehand. Framlegg som skal handsamast på parkmøtet, må sendast til styret minst to veker på førehand. Endeleg sakliste skal vere tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før parkmøtet finn stad.
  • Parkmøtet kan gjennomførast fysisk og/eller digitalt og gjer vedtak med allminneleg fleirtal.
  • Vedtektsendringar krev 2/3-dels fleirtal av dei frammøtte.
  • Styret kan når som helst kalle inn til ekstraordinært parkmøte i samsvar med dei fristar som gjeld for eit vanleg parkmøte. 
§6  Parkmøtet sine oppgåver
  • Godkjenne innkalling og sakliste
  • Velje ordstyrar, referent og to til å skrive under parkmøtereferatet
  • Godkjenne kven som har stemmerett og kva fullmakter som er gyldige
  • Handsame årsmelding og revidert årsrekneskap
  • Handsame parkplan, handlingsplanar og budsjett
  • Handsame vedtektsendringar
  • Handsame innkomne saker
  • Fastsette kontingent
  • Velje styret, styreleiar, varamedlemmer, valnemnd (3 personar) og revisorar (2 personar).

Ein medlem av valnemnda er utpeikt av kommunane. Styreleiar og revisorane vert valde for 1 år om gongen. Styremedlemmer og varamedlemmer vert valde for 2 år om gongen.

§7  Parkplanen

Parkplanen (10-årig charter) er det langsiktige styringsdokumentet for parken. Parkplanen skal vere dynamisk og forankra i Norske Parker sitt verdigrunnlag, i UNESCO sine «Operational Guidelines for UNESCO Global Geoparks», i medlemskommunane sine kommuneplanar og i strategimøte med medlemmene.

Parken sine lang- og kortsiktige planar byggjer på Parkplanen og er styret sin viktigaste styringsreiskap i tillegg til årsbudsjettet. Parkplanen ligg til grunn i alle partnarskapsavtalar og forpliktar partnarane på planen sine verdiar og strategiar.

§8  Partnarskap

Alle medlemmer kan verte partnarar i parken. Partnarskapen inneber eit gjensidig forpliktande samarbeid for å fremje området sin verdi på ein berekraftig måte.

Styret kan på eige initiativ også skipe partnarskapsavtalar med interessentar utanfor parkområdet som t.d. universitet og høgskular, landsomfattande organisasjonar, partnarar i internasjonale prosjekt mm.

Partnarskapen vert organisert gjennom ein eigen individuelt tilpassa avtale og kan ha som føremål å utvikle konkrete prosjekt, bygge nettverk, spreie informasjon og kunnskap, bygge profil mm. og nytte parken sin logo i denne samanheng.

§9  Parkråd

Parken har eit fagleg råd på 3 – 7 medlemmer samansett av representantar frå høgskular, universitet og forskingsmiljø innan parkrelevante fag. Medlemmene i parkrådet skal tene parken som ressurs gjennom sine nettverk, rådgjeving og kvalitetssikring av parken sine prosjekt. Styret oppnemner medlemmer til parkrådet. Rådet sine oppgåver og pliktar vert skildra i eit eige dokument.

§10  Oppløysing av parken

Oppløysing av parken krev at ved eit lovleg innkalla parkmøte (årsmøte) 2/3-delar av dei frammøtte, anten ved oppmøte eller fullmakt, røystar for oppløysing. Dersom eit slikt parkmøte ikkje er vedtaksført pga. av manglande oppmøte, kan oppløysinga vedtakast med 2/3 av dei frammøtte på eit lovleg innkalla ekstraordinært parkmøte.

Dersom parken vert oppløyst skal evt. restmidlar nyttast innanfor parken sine grenser til føremål som samsvarar med parken sin føremålsparagraf. Dersom dette ikkje let seg gjere, skal parken sine midlar overførast til organisasjonen Norske Parkar. Det parkmøtet som vedtek oppløysing, skal også gjere vedtak om bruk av restmidlane.

Leirvik 15.12.2020
Scroll to Top