Ung formidling

Kontaktperson

Tidsrom

I vår fekk vi støtte frå UNESCO-kommisjonen til eit prosjekt vi har kalla «Ung Formidling av lokal natur-og kulturarv»

Vi ynskjer med dette å gje born og ungdom som veks opp i området stoltheit og kunnskap om kulturen og landskapet dei lever i.

Vi trur at den beste måten å skape eigarskap og kompetanse til heimstaden er gjennom å delta på ulike arenaer der det vert jobba med ivaretaking av tradisjonar og med immateriell kulturarv. Vi er oppteken av den handlingsborne kunnskapen, som lærast frå hand til hand, gjennom deltaking i ulike prosessar. Når borna sjølv har lært korleis ting heng saman, skal dei vere dei som vidareformidlar denne kunnskapen til besøkande og til andre born/unge. På denne måten byggjar vi kunnskap, stoltheit og identitet. I parken har vi over fleire år jobba med å etablere arenaer der unge kan delta og bidra , og dette prosjektet er ein måte å bevisstgjere kva ressurs born og unge representerer knytt til vidareføring og formidling av tradisjonar og immateriell kulturarv. Læringsarenaene er knytt til aktivitetar som speglar kulturarven i området.

I Solund er det Hardbakke villsaulag; som har vore læringsarena. Det er eit samvirkelag eigd av lokalbefolkninga. Her får dei unge delta i oppgåver gjennom året og lære om korleis dei sjølv kan skjøtte kystlyngheia som no er vorten ei truga naturtype, og som er heilt avhengig av beiting og brenning for å ikkje gro att. Parken vart valt til Noreg sitt bidrag i den Europeiske landskapsprisen 2020/2021 for  dette arbeidet.

I Askvoll er det episenteret i Stongfjorden som er læringsarena. Her er Sunnfjord Geosenter; ein viktig partnar.  Her har ein geolog vår saman med elevane sett på ulike geologiske fenomen i nærområdet , som dei har fordjupa seg i.

I Hyllestad er Kvernsteinsparken  og Musea i Sogn og Fjordane vår sentrale partnar. Her får born og unge gjennom året lære korleis ein levde her i middelalderen og får m.a.hogge stein, kverne korn, lage mat og kle seg som vikingar.

I Fjaler er Jensbua Kystkultursenter ein av aktørane som framleis bær dei gamle handverkstradisjonane. Her får dei unge lære teknikkar om korleis lokale naturressursar vart nytta til bygningar og båtar, og korleis ein kan ta vare på denne kulturarven. Dei får prøve ulike handverktøy. Jakob Sande senter  for Forteljekunst har  vore ein anna sentral aktør her.

I fjor starta vi opp arbeidet med “Ung i Park” og er medlem i Europarcs internasjonale “youth ranger” program, som nettopp handlar om å la barn/unge få delta i arbeidet med å ta vare på natur-og kulturarv. Gjennom dette prosjektet ynskjer vi å gje lokale born og unge innsikt og eigarskap til i si eigen kulturhistorie, slik at dei sjølve kan vere med å ta vare på den og vidareformidle den til nye generasjonar.

Alexander Rauboti  vart tilsett for å etablere verkstadene med dei ulike aktivitetar  🐏🪚🪓 🥨 ved alle episentra. Mange unge menneske har deltek og  tileigna seg handlingsboren kompetanse om lokal kultur.

Aktivitetene er forankra i den Europeiske landskapskonvensjonen som seier at innbyggarane sjølve skal vere med å definere og utvikle det området dei bur i

FN sine bærekraftsmål ligg til grunn for all aktivitet. Samarbeid, formidling, lokal deltaking og læring viktige strategiar.

Prosjektet har vore svært velluka og vi håpar og fortsetje med prosjektet neste år!

Sjå også

Sjå også:

Scroll to Top