Opplevingstilbod

Opplevingstilbod i geoparken

Forsking viser at reisande ønsker å oppleve noko som gjer livet deira rikare, og at dei er på leiting etter «magiske augneblink». Forskar Susanne H. G. Poulsson har identifisert 7 faktorar som bidreg til framifrå opplevingar:

  1. Det sosiale: Moglegheit å oppleve noko i fellesskap, dele ei oppleving
  2. Involvere fleire sansar (kropp, lukt, smak, lyd, syn – og intellekt): Wellness, historie, vakkert landskap, god mat…
  3. Nyheitsverdi: Deltakaren opplever noko som er nytt for han/ho (mat, musikk, kunst, historie, dyr, aktivitet, sport, teknologi, kunnskap osv.)
  4. Utfordringar: Moglegheit for å løyse oppgåver som deltakaren opplever som krevjande, men mogleg å løyse (klatretur, padling, overnatting i hengekøye osv.)
  5. Deltaking og interaksjon: Deltakaren er med på å skape og påverke opplevinga gjennom interaksjon
  6. Spenning og overrasking
  7. Historieforteljing og dramaturgi: Ein plott, ulike karakterar, dramatisk innpakning osv. aukar opplevingsverdien ved formidling av historiske hendingar og fakta

Som Poulsson understrekar, er det ikkje naudsynt at alle faktorar er på plass ved ei oppleving men minst ein eller fleire bør vere med. For at Fjordkystparken skal bli til eit «opplevingsparadis» er det viktig at geolokalitetane blir formidla gjennom produkt som oppfyller dei nemnde krava i mest mogleg grad. Parken sitt arbeidsfelt vil vere å hjelpe partnarane i reiselivsbransjen, men også innan t.d. landbruk, havbruk, fiskeri og energi, med å skape gode opplevingsprodukt – i tett samarbeid med destinasjonsselskapa. Fjordkystparken sjølv kan også utvikle og tilby eigne opplevingar.

I Fjordkystparken kan det vere aktuelt med desse opplevingstilboda:

Opplevingstilbod med guide/formidlar

I følgje destinasjonsselskapa er det eit behov å etablere eit guideutdanningssystem. Det betyr at guidar kan besøke eit kurs å få ei geopark-sertifisering (autorisert geopark-guide). Mange parkar har guidar eller rangers som kan bookast for ulike formidlingsprogram. I Fjordkystparken kan dette vere eit interessant konsept så lenge det ikkje finst større reiselivsfirma som tilbyr guiding.

Når det gjeld geologiformidling, blir det tilrådd at Geopark-tilsette eller guidar med geovitskapleg bakgrunn overtar slike oppdrag, spesielt viss publikum er studentar eller personar med geologisk førkunnskap. Geologi-formidling krev solid fagkunnskap, god trening i å snakke forståeleg og finne gode metaforar.

Ein viktig måte å guide på vil vere på sjøen. Det kan vere med kayak, båt, på ferja, ekspressbåten osv. Frå sjøen ser ein landskapet på ein heilt annan måte, enkelte lokalitetar er berre å sjå frå båt. Ferjene og ekspressbåtane vil vere viktige plattformar for Fjordkystparken si formidling.

For skular (barnehage, barne- og ungdomsskule) skal Fjordkystparken utarbeide ulike formidlingstilbod, helst i samarbeid med Friluftsrådet og andre institusjonar som er interessert i skuleformidling. Målet er at elevane blir kjent med sin natur- og kulturarv men også med dagens bruk av naturressursar (landbruk, skogsdrift, havbruk, fiskeri, energiproduksjon osv.). Her vil det vere interessant å samarbeide med ulike næringsbransjar som på denne måten får ein plattform for å vise elevane korleis dei jobbar. Dette vil igjen ha positiv verknad for framtidig rekruttering. Når det gjeld vidaregåande skular (Dale, UWC), kan det vere interessant å bygge opp eit særskilt geologiprogram med ekskursjonar og prosjektarbeid. Geoparkens geolog bør vere ein viktig ressurs for desse skulane.

Arrangement

Ein tredje type oppleving er arrangement som anten parken sjølv organiserer (med hjelp av ulike lokale aktørar) eller hjelper til å få organisert. For det første kan eksisterande arrangement evt. utvidast til heile parken (teaterfestivalen, Dalsfjordveka, lysfestivalen, geologiens dag, kulturminnedagane osv.), for det andre bør eksisterande arrangement støttast og evt. oppgraderast, og for det tredje kan nye tilbod vere aktuelle (t.d. maraton, diktarnetter osv.).

Scroll to Top