Ledig stilling !

Har du lyst på ein spennande stilling i ein nyskapande organisasjon i stor utvikling?
Fjordwelten.de
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on email

Fjordkysten Regional- og geopark søkjer prosjektleiar

 Stillingstittel:

Prosjektleiar

Søknadsfrist:

08.06.2022

Stillingsannonse:

 80-100 % prosjektleiarstilling. Fast.

Vi søkjer etter ein motivert og strukturert prosjektleiar som likar å jobbe i team, og som evner å samarbeide godt med andre, på tvers av fagområde og sektorar. Vi er fleksible med omsyn til stillingstørrelse. Me ynskjer primært ein person som vil jobbe i 80 %  stilling, men  kan tilby 100 % stilling dersom det er mest ynskjeleg.

Prosjektleiaren skal styre, koordinere og drive fram ulike sentrale satsingar og prosjekter i Fjordkysten regional- og geopark

 Arbeidsoppgåver:

Utviklingsarbeid står sentralt, og i første omgang omfattar dette meir konkret følgande

oppgåver:

  • UNESCO global geopark-godkjenning

–       Planlegge og sikre gjennomføring av ulike tiltak som krevjast for å oppnå UNESCO global geopark status. Målet er sende søknad om å verte ein  UNESCO global geopark innan 2024

  • Utvikle  og etablere «Episenter»/vitjingssenter i alle kommunane i parken
  • Forankring og nettverksbygging.

–       Formidle parkkonseptet og ideane som ligg til grunn

–      Utarbeide partnarskapsavtalar med lokale og regionale aktørar

–      Jobbe opp mot lokale, regionale og nasjonale myndigheiter/instansar

–       Byggje nettverk i våre medlemskommunar, både blant innbyggarane, organisasjonar og næringsliv.

–       Gjere parken synleg

 

  • Samarbeide med det lokale visitselskapet om å marknadsføre opplevingar og attraksjonar i parken
  • Etablere formidling-og undervisningsopplegg for born, ungdom og besøkande.
  • Utvikle konseptet «Levande landskap»
  • Utvikle parken sin satsing på bygningsvern.
  • Delta aktivt i ein arbeidsgruppe
  • Skrive søknadar
  • Følgje opp tilskotsgjevare, søknader og økonomi

Arbeidsoppgåver vil kunne endrast over tid.

Om Fjordkysten Regional- og geopark:

Fjordkysten Regional- og geopark omfattar kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund. Til saman har kommunane om lag 8000 innbyggjarar. Parken er i ein oppbyggingsfase og har førebels ein fast tilsett. På sikt er det planlagt å auke bemanninga til minst tre fast tilsette og  i  tillegg  prosjektmedarbeidare.

Parken har eit styre på 9 personer, og ein aktiv arbeidsgruppe med personer frå både dagleg leiing, styret og regionrådet.

Fjordkysten regional- og geopark er Norges fyrste kombinerte regional- og geopark. Vi fekk status som Norsk geopark hausten 2021. Sjå søknaden her: https://www.dropbox.com/sh/lu0gefc2gpdrifi/AABgyYr80TAEyddxBIKR3CPla?dl=0

Fjordkystparken er organisert som et lag og finansierast med statlege midlar via Norske parker, fylkeskommunen, medlemskommunane, medlemmer og partnare. Parken er ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser og prosjekter, og har til mål å utvikle regionen på lokalsamfunna sine egne premisser.

Målet er å oppnå status som ein UNESCO global geopark i løpet av dei neste tre åra. Det inneber mellom anna å etablere besøkssenter og infopunkt, skilte og leggje  til rette attraksjonar, utvikle tilbod i samarbeid med partnare, formidle natur- og kulturarven i området, samarbeide med skuler og forskingsinstansar og forankre parkkonseptet i heile regionen. I tillegg skal ein utarbeide sjølve  søknaden til UNESCO.

Parken er medlem i Norske Parker og skal i søknadsprosessen også samarbeide tett med Norges Geologiske undersøkelse (NGU) for å produsere det faglege grunnlaget.
Parkavtalen, landskapskonvensjonen og FN sine 17 berekraftsmål ligg til grunn for alt arbeidet i Parken.

Ønskte kvalifikasjonar og erfaring:

 Vi ønskjer ein strukturert og engasjert person med:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Erfaring med prosjektleiing
  • Erfaring med nettverksbygging og samskaping
  • Kjennskap til, og gjerne arbeidserfaring, frå samfunns- og næringsutvikling eller allsidig kulturarbeid
  • Erfaring med budsjett, økonomiarbeid og tilskot
  • Kunnskap om nærings og -kulturstrukturane i små samfunn
  • Gode ferdigheiter i engelsk skriftleg og munnleg
  • Grunnleggande forståing for IKT og digitale løysningar
  • Godt humør og stå-på vilje !

Relevant utdanning.

    • Vi ynskjer aller helst kompetanse innan geologi, men samfunnsutvikling ,reiseliv, kultur og naturforvaltning er også relevante fagfelt.

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfaglig og hyggeleg arbeidsmiljø
  • Engasjerte samarbeidspartnare
  • Muligheit til å påverke eigen arbeidskvardag

Hovudsakleg arbeid på dagtid, men noko kvelds- og helgearbeid må påreknas

Løn etter avtale

Arbeidsstad etter nærare avtale

 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Dagleg leiar Trude Søilen

Tlf. nr 481 05 774

Styreleiar Gunnar Osland

Tlf. nr 916 24 634

Søknad kan sendes på e-post: post@fjordkystparken.no

 

Sjå  film om Fjordkystparken her:

https://www.dropbox.com/s/rdkk2aczy4c9xvm/Levande%20landskap%20%E2%80%93%20Fjordkysten%20regional-%20og%20geopark_ver03.mp4?dl=0 

 

Scroll to Top