Lær meir

I Hyllestad vert 7.-klassingane "utdanna" som guidar i Kvernsteinsparken. Hyllestadmodellen har fått mykje ros for formidlingsopplegget.
Dette er fortellinga om to plater. Den eine med namn Ur-Europa og den andre Ur-Amerika. Til fortellinga er det blant anna henta inspirasjon, fagstoff og illustrasjonar frå den geologiske vegvisaren som allereie er utarbeida for Hyllestad og Bulandet/Værlandet.
For litt over 400 millionar år sidan ruva den kaledonske fjellkjeda i området vårt. Dette var ei fjellkjede på om lag same storleik som dagens Himalaya, kanskje større. For å forstå korleis ei fjellkjededanning og kollaps fungerar så må ein først få ei forståing for dei viktige geologiske prosessane rundt plateteknikk.
Scroll to Top