Geologisk arv – hovuddtrekk i kommunane

Her ser eit kort oversyn over grunntrekka og høgdepunkta ved geologien i kommunane som utgjer parken.
Geologiske Hovudlokalitetar

Fjaler utgjer sjølve «grunnfjellet» i parken. Her finn ein prekambriske bergartar, mange av dei sterkt påverka av Den kaledonske fjellkjedefoldinga. Spesielt førekomstar av eklogitt vitnar om at dei gamle bergartane blei pressa ned på stort djup då fjellkjeda vart danna, då kontinentet Baltica kolliderte med og blei pressa ned under kontinentet Laurentia for om lag 400 millionar år sidan. Fjaler utmerkar seg med fleire flotte utsiktspunkt der ein kan sjå landskapet og forstå geologien, også til omgjevande delar av parken. Samla har kommunen nokre av dei beste kvartærgeologiske fenomena i parken, med ein del av endemorena frå Yngre Dryas (Fureneset), fine grusførekomstar (Dale, Loneland) og ein fjord som vart «tapt» då landet steig etter den siste istida (frå Flekke til Guddal).

Askvoll har eit stort geologisk mangfald, frå grunnfjell til devonbasseng. Alle delar av fjellkjedas vekst og fall er representerte, med grunnfjellet og ikkje minst bergartane frå det havet (Iapetushavet) som ble lukka då Baltica og Laurentia kolliderte (havbotnskorpe t.d. på Staveneset), med komplekst berg frå før og under kollisjonen (sedimentært berg i «Noregs finaste fold», Brurastakken, og Sunnfjord melange), og med eit gammalt, sokalla «mikrokontinent» som vart del av prosessane (Dalsfjordkomplekset). Dei gigantiske «steinrøysene» som vart danna i devonbassenga då fjellkjeda glei ut og eroderte er representerte med ikoniske kystlandskap på Værlandet-Bulandet (med små område med devonfossilar, Lambholmen), og på Kvamshesten, over grensa til Sunnfjord. Askvoll har leirførekomstar frå kvartærtida, dei største mellom Rogaland og Trøndelag.

Hyllestad har også mangfaldig geologi, med «sjølve kollisjonen» mellom Baltica og Laurentia som eit høgdepunkt, kompakt representert nær Hyllestad sentrum. Her finn ein Balticas grunnfjell og sedimentære bergartar frå Balticas margin («kontinentalsokkel», Hyllestadkomplekset). Ein finn også delar av øybua i Iapetushavet som vart «skvisa» inn i fjellkjedefoldinga, representerte med magmatiske intrusjonar (Kolgrovheia, Sognneskollen), saman med restar av Laurentia-kontinentet (Lifjordkomplekset). Lihesten er ein del av Solund-devonbasseng. Under dette ikoniske fjellet kan ein på framifrå vis sjå den viktigaste sona som fjellkjeda sklei ut langs, «Sogn-Nordfjord detachment zone». Med den vestlegaste delen av Høyanger, er Hyllestad ein innfallsport til parken. Saman er dei også viktige for å forstå utviklinga av Sognefjorden, i kvartær, men også mykje lengre attende i tid.

Solund er den vestlegaste kommunen i Noreg, eit øyrike med eit særeige, ope og monotont, men òg monumentalt kystlandskap; nesten alt grunnlagt på konglomerat i devonbassenget. Det er sjølve landskapet som er høgdepunktet i Solund, men her finst også mange geologiske godbitar, som raud sandstein innimellom konglomeratet (Pollatinden), som restane av eit stort ras frå tida då bergartane vart avsett (Hersvik) og ikkje minst grensa mot eldre djuphavskorpe (med putelava) i dei nordvestlege delane av kommunen. Sjølv om Solund er nær «reinskrapa» av innlandsisen, finn ein gode restar av endemorena frå Yngre Dryas midt over øyane og ei rekkje flyttblokkar; vidgjetne er dei monumentale Lågøystolane.

 

Teksten er henta frå Søknad om opptak av Fjordkysten regional- og geopark i nettverket Norske Geoparkar 

Scroll to Top
Scroll to Top